Pass vekta i sommar!

Fylkesveg 974 på yttersiden av Andøya Mellom Nøss og Nordmela er det en flott strekning med fjell og hav.

 

 

I desse ferietider er det mykje campingvogner og campingbilar å sjå langs vegane. Ikkje alle har sjekka lastekapasiteten og kjøyrer rundt med for mykje bagasje.

 

Under ein kontroll på Krossmoen i Rogaland måndag var det fem campingbilar som fekk køyreforbod. Dei var for tungt lasta og føraren måtte setje igjen noko av godset før ferda kunne halde fram.

– Vekta påverkar korleis bilen oppfører seg. Ikkje minst har vekta mykje å sei når ein skal bremse opp, påpeiker Marianne Moe i Statens vegvesen.

 

Tilhengarkalkulator
www.vegvesen.no er det ein eigen kalkulator for kor…

Av:
Oppdatert:
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

 

 

I desse ferietider er det mykje campingvogner og campingbilar å sjå langs vegane. Ikkje alle har sjekka lastekapasiteten og kjøyrer rundt med for mykje bagasje.

 

Under ein kontroll på Krossmoen i Rogaland måndag var det fem campingbilar som fekk køyreforbod. Dei var for tungt lasta og føraren måtte setje igjen noko av godset før ferda kunne halde fram.

– Vekta påverkar korleis bilen oppfører seg. Ikkje minst har vekta mykje å sei når ein skal bremse opp, påpeiker Marianne Moe i Statens vegvesen.

 

Tilhengarkalkulator
www.vegvesen.no er det ein eigen kalkulator for kor mykje last ein kan ha på tilhengjaren sin. Statens vegvesen tilbyr og eigen app «Bil og henger», som kan lastast ned frå AppStore, Google Play og Windows Phone Store.

I Norge er det slik at køyretøy med hengar ikkje kan køyre fortare enn 80 km/t uansett kva fartsgrensa er. Har ikkje hengaren brems er grensa 60 km/t.

– Vi vil og minne folk på at det er viktig å sikre alle lause gjenstandar som er med på ferieturen. Lause gjenstandar vil bli slengt framover om føraren må bråbremse. Til dømes vil ein usikra iPad fare framover med ei kraft på 96 kilo om det oppstår ein kollisjon når ein køyrer i 100 km/t, fortel Moe.

 

Mange av campingbilane er registrert slik at dei kan køyrast av person med vanleg førarkort klasse B. Bilane er som regel konstruert for tyngre last, men då må ein ha utvida førararett for å føre doningen.

 

Campingvogn-regelen for klasse B

Med klasse B kan man trekke en tilhenger med tillatt totalvekt over 750 kg hvis summen av tilhengerens tillatte totalvekt + bilens tillatte totalvekt er høyst 3500 kg. Trekker man bilens tillatte totalvekt ifra 3500 kg, finner man tilhengerens maksimum tillatte totalvekt.  Tillatte totalvekter finner du i vognkortene til bilen og tilhengeren.

 

Artikkelen fortsetter under annonsen